|
Opptakten til mannskoret vart gjort hausten 1997 av nokre songglade karar frå Åram og Vanylven, som allierte seg med Rolf Aasevik Dyb. Han hadde i mange år dirigert Rovde mannskor - ein "kulturinstitusjon" på Søre Sunnmøre - før koret gjekk inn på slutten av 80-talet. |
|

|
Etter ein del arbeid utover hausten 1997 med å samle nok interesserte songarar, kom øvingane i gang i januar 1998, og sidan har koret vore i full sving, med Rolf Dyb som kunstnerisk leiar det meste av tida. Ovanfor ser du koret på den første øvinga i januar 1998 på Fiskåbygd skule. Etter kort tid vart øvingane flytta til Eidsåtun, der koret no har sitt faste øvingslokale.
Koret samla mannssongarar frå Åheim i sør til Vedeld på Rovde i nord, og mange av medlemmene kjem frå "ytre strok" i Brandal, på Åram og Hakallestranda. I dag er også desse bygdelaga innlemma i Vanylven kommune, og koret har vore med og styrka samarbeidet og samkjensla mellom bygdelaga etter reguleringa av kommunegrensene i 2002. |